Å reise bort for kurs og møte gir rom for noko meir enn berre agenda og presentasjonar. I Valldal, mellom fjord og fjell, finn de ein stad der kvardagen slepp taket, og konsentrasjonen får kome tilbake. Her samlast kollegaer i rolege omgjevnader som legg til rette for fokus, gode samtalar og klåre avgjerder. Når rammene er rette, blir møta meir effektive – og opplevinga meir samlande.

Vårt møterom, Granat Linge, er ideelt for kurs og møte, med lyse og funksjonelle rammer som støttar både fysiske og digitale samlingar.

2 – 40 pers
2 – 90 pers fra September 2026
Moderne AV-utstyr for fysiske og digitale møte
Gratis parkering

Nytt kurs- og møtelokale opnar i haust

Ca 90

Nytt kurs- og møtelokale opnar i haust ved Valldal Fjordhotell, i det same nye rommet som òg vert nytta til selskap. Lokalet har eit moderne, skandinavisk uttrykk med store vindaugsflater, naturlege materialar og ei roleg ramme for konsentrasjon og samarbeid.

Rommet er utstyrt med topp moderne AV-løysingar levert av Atea, tilpassa dagens krav til digitale møte, Teams-løysingar, mikrofonar og skjermar. I kombinasjon med komfortable Stressless® Chilli-stolar frå Ekornes gir dette gode vilkår for profesjonelle og vellukka kurs og møte.

Pakkar og tilbod

Her finn du hotellet sine kurs- og konferansepakkar og aktuelle tilbod – nøye tilpassa for å gi dykk gode og vellukka møtedagar.

Sider- og eplemostsmaking på Lingebakken

Kr 490,- pr pers (1 time)
Min: 6 personer

Lingebakken er ein økologisk frukt- og bærgard i Valldal, med røter tilbake til 1860-talet og driven av sjette generasjon. Her står handverk, berekraft og gode smakar i sentrum.

For kurs- og konferansegrupper tilbyr Lingebakken ei sosial og smakfull oppleving. De kan bli med på omvising i frukthagen, lære om siderproduksjonen og nyte smaking av eigenpressa eplemost og sider, servert med lokale ostar. Ei oppleving som gir eit verdifullt avbrekk – og styrkjer fellesskap og gode samtalar.

Lingebakken- photo Hyke studio

Legg ditt arrangement til vakre Valldal!

Kontakt oss

Kontakt oss

First
Last

Ta kontakt med oss for et godt tilbud!