Restauranten på hotellet er ideelt plassert midt i bygningen og byr på en fantastisk utsikt over fjorden og de majestetiske fjellene som omgir oss. Restaurant Heilage Olav, som restauranten heter, er en sanseopplevelse i seg selv – med vakre kunstverk og en sjelden samling steiner fra vår lokale region.
I sommersesongen tilbyr vi à la carte-meny, mens vi resten av året – høst, vinter og vår – serverer dagens middag til hotellets gjester og på forespørsel fra mandag til torsdag.
Ønsker du å bestille overnatting, selskap eller møte, åpner vi gjerne restauranten ved forhåndsbestilling.
Nytt selskapsrom opnar hausten 2026 ved Valldal Fjordhotell. Nybygget er utforma i ein skandinavisk stil, med store vindaugsflater som slepp naturen inn og gir rommet eit lyst og ope uttrykk.
Materialval i tre og lune fargetonar skapar ei varm atmosfære, medan ei fleksibel foldevegg i eik gjer det enkelt å tilpasse rommet til ulike høve. Komfortable, polstra Ariz-stolar gir god sitjekomfort rundt borda. Med gjennomtenkt akustikk og fleksible løysingar er dette eit selskapsrom vi er stolte av å kunne ønskje gjestene velkomne til.
Salongen, som ligg vegg i vegg med restauranten, har ein vakker stjernehimmel og store vindauge frå golv til tak som slepper naturen heilt inn. Her får du ei fantastisk utsikt mot fjorden og fjella – eit rom der du verkeleg kan senke skuldrene og nyte stunda.
Interiøret er smakfullt og gjennomført, med møblar, lamper og kunst som harmonerer i varme, behagelege fargar. Det er noko heilt eige ved å sitje her og sjå lyset spegle seg i fjorden og fjella utanfor.